Årsmøtet 2025 referat

Stad: Verksgården i Kopperå
Tid: Laurdag 22. mars 2025 kl. 1100.

Programmet for dagen starta med kaffi og registrering frå kl. 1030.

Årsmøtet vart sett kl. 1100 ved at leiar i Nord-Trøndeølag Historielag (NTHL), Knut Atle Aarbu ønska vel møtt og konstiruerte møtet.

Sak nr 1, konstituering.
Det var ingen merknader til innkallinga.
Møteleiar: Knut Atle Aarbu
Møteskrivar: Arnt Stavset

Sak nr 2, årsmelding for 2024.
Leiar Knut Atle Aarbu la fram årsmeldinga.

Det blir føydd til eit punkt om representasjon. Arnt Stavset var til stades på Lagabøteseminar i Magnushallen i Frosta fredag 26. april 2024 frå kl. 1000.
Desse hadde foredrag:
Jørn Øyrehagen Sunde: Magnus Lagabøte si innføroing av landslova.
Eirik opsahl: Revisjon av landslova.
Else Mundal: Kvinner og eigedom i Landslova.
Miriam Tveit: Kjønn og straff i Landslova.
Randi B. Wærdahl: Kvinner som kjente og brukte lova.

Med denne tilføyinga vart årsmeldinga godkjent.

Merknad: Jämt-Trønderske historiedagar (som er nemnd i årsmeldinga) skal vere i Strømsund i Jämtland 16. august i år.
Kunngjering om dette skal leggast ut på Fjesboksida vår (Facebook).


Sak nr 3, rekneskap.
Kasserar Per Harald Ressem la fram rekneskapen.

Revisor Arne Klæth har gått i gjennom rekneskapen, og i revisjonstrapporten tilrådd at rekneskapen blir godkjent.
Rekneskapen vart godkjent.

Sak nr 4, budsjett.
Kasserar Per Harald Ressem la fram utkast til budsett for 2025.

Merknad: Under gjennomgangen av rekneskapen og budsjettet vart det frå møtelyden gitt uttrykk for at prisen på årboka bør aukast for å auke innteninga ved sal av av boka.
Det vart og poengtert at redaksjonen bør ha kontroll med omfanget av boka, det vart nemnt at eit passande sidetal kunne vere 240 sider.
Det var òg nemnt at det kunne sparast ved å gjere layoutarbeidet sjølv.

Tilføying/korrigering til det framlagte budsjettutkastet:
Inntekt pr bok blir set til kr 350,-. Det gir inntekt på kr 140 000,-.
Tilskot frå fylket blir set til kr 70 000,-.
Utgiftssida i budsjettet blir redusert med kr 3 500,-.
Sidetalet i boka blir set til 250 sider.
Utsalsprisen i bokhandel blir set til kr 450,-.

Sak nr 5, val.
Leiar i valkomiteen Alf Daniel Moen la fram forslag til val.

Desse vart valde:
Leiar: Ole Tronstad, Inderøy historielag. Ny, valt for eitt år
Styremedlem: Per Harald Ressem, Verran mus, og hist,lag. Ikkje på val
---- " ----: Hilfrid Gustad, Forr hist.lag. Ikkje på val
---- " ----: Åke Jünge, Verdal hist.lag. Ikkje på val
---- " ----: Arnt Stavset, Frosta hist.lag. Valt for to år, gjenval

Varamedlem: Ingrid Lillevold, Meråker hist.lag. Ny, valt for eitt år
---- " ---: Olav Moe, Snåsa hist.lag. Ny, valt for eitt år
---- " ---: Karin Johanne Kristoffersen, Skatval hist.lag. Valt for eitt år, gjenval

Revisor: Arne Klæth Valt for to år, gjenval

Valkomitemedl.: Alf Daniel Moen, Hegra hist.lag. På val.
------ " -----: Torild Dyrstad, Forr hist.lag. Ikkje på val, eitt år igjen.

Etter framlegg frå valkomiteen vart slikt vedtak gjort:
Styret kontakter historielaga i Frosta, Åsen og Levanger og ber dei i fellesskap finne kandidat
til valkomiteen, som så blir valt på det komande halvårsmøtet.

Avsluting:
Påtroppande leiar Ole Tronstad takk av Knut Atle Aarbu med blomar.
Knut Atle Aarbu overleverte møteklubba åt påtroppande leiar Ole Tronstad.

Årsmøtet vart heva kl. 1330.

Etter det formelle årsmøtet var det orientering om Meråker Historielag, presentasjon av elektronisk bildearkiv,
orientering om Verksgården og omvising i Kopperå kyrkje.

Merknad: I konstitueringa vart det ikkje valt nokon til å underskrive møtereferatet. Referatet blir derfor
underskriva av under ei samling i Fram-huset på Skatval, som ei subsidiær protokollunderskriving.


Arnt Stavset
Møteskrivar